ImF er til for deg

Vi i ImF-leiinga vil vere tilbakehaldande med å legge føringar for omstrukturering, men vi vil legge til rette for den opne samtalen i våre fora.

Punkt nummer ein i vår langsiktige strategiplan lyder slik: «Vi vil gjere medarbeidarar i indremisjonen bevisst på at vi alle skal vere misjonærar i Norge». Det er ikkje utan grunn at dette er punkt nummer ein. Når eg kvart år møter studentane ved Bibelskulen for å presentere ImF, vert vår kalls- og forsamlingsrett understreka, og Peters 1.brev 2:9 er grunngjevinga: «Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys». Du som er ein kristen, er eit sendebod for Kristus. Du er ein del av Guds kongelege presteskap. Du er ein misjonær, med alt det medfører av privilegium og ansvar. Når vi diskuterer strukturer og organisasjonsformer, vil alt stå og falle med ditt og mitt personlege gudsliv og misjonsengasjement i det lokale arbeidet. Alle leiarar, uansett kva organisasjon vi tilhøyrer, vil vere enige om det.

Då eg gjekk på Bibelskulen, fekk vi høyre at Pinserørsla si organisasjonsform låg tettast opp til det vi finn i Apostelgjerningane, fordi alt misjonsengasjement (både indre- og ytremisjon) då gjekk ut frå den lokale forsamlinga. Dei som vart sendt ut, hadde mandat, og oppfølging, frå det lokale fellesskapet. Kor bevisste ein var om dette prinsippet då indremisjonsrørsla vart forma for 100-150 år sidan, er det vel ikkje noko eintydig svar på, men den lokale styringsretten har i alle fall vore sterk og grunnleggjande. Likevel såg ein behov for å samle seg i eit større organisasjonsfellesskap, både på krins og forbundsplan. Leirstader, skular og andre fellestiltak har vore frukta av dette.

Bakgrunnen for strategiarbeidet vi gjorde fram mot GF i 2013, var å ta på alvor den måten vår organisasjon er oppbygd på: ImF sentralt ville lytte til kva forbund krinsane vil ha, og krinsane måtte lytte til kva krinsar dei lokale einingane ville ha. Prosessen førte ikkje til nokon endringar, verken med tanke på struktur eller fusjonstankar. Med avgrensa innflytelse over krinsar og forsamlingar, har det då vore viktig for oss å styrke relasjonar mellom leiarar, slik at vi byggjer ei lagånd – uavhengig av struktur og organisering. Det vi gjer, det gjer vi i lag.

Når nokre no målber andre tankar om organisasjonsstruktur, kan det tyde på at strategiarbeidet ikkje var grundig nok, men vi må i alle fall ta på alvor det resultatet som ligg føre. Vi i ImF-leiinga vil vere tilbakehaldande med å legge føringar for omstrukturering, men vi vil legge til rette for den opne samtalen i våre fora. Det er du, og det lokale indremisjonsfelleskapet, som må la røysta lyde i krinsårsmøte og generalforsamling. Vi er til for deg, og vi ønskjer å opptre på vegne av deg. Slik er det i ImF.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.